Vestlandstreffet 2014


Då er Vestlandstreffet 2014 vel gjennomført, ja det er faktisk ei veke sia det starta, det går fort dette. Takk til alle som var med å gjorde treffet til det det vart, eit kjekt, inspirerande og koseligt treff på alle måter. Fantastisk kjekt å treffe så mange flotte damer som har same hobbyen som du sjølv, kontakten er der liksom :-) Nesten trist at helga gjekk så fort.
No vil det kome ein del bilder frå treffet, både frå utstillinga, kursene osv
Solfrid Fløholm hadde skreve velkomstsang til treffet og den blei fredag kveld framført av ein del av damene i Quiltegruppa
Teppe du ser i høgre del av bilde var ein av gevinstane i helga.

Kathrine Luthen frå Kathrines Quiltestue og Helle Løwenskjold hadde inspirasjonsforedrag for dei 117 damene som var samla i glassgata på Flora Ungdomsskule denne fredagen. Eit fantastisk flott foredrag,, der vi fikk sjå mykje flott.
Stor takk til Kathrine og Helle for eit inspirerande og til tider morsomt foredrag.
I forkant av foredraget varta damene på kjøkkenet opp med nydelig suppe med tilbehør. 

Eit av teppa som blei vist fram. Nydelig i blått og kvitt.

Dette er frå kurset til Frøydis Myhre, Tekstilmosaikk frå restekurven. Dette er modeller som Frøydis hadde med til inspirasjon for kursdeltagerne

Her er også ein modell  frå same kurset. 

Dette er frå utstillinga. Dette er frå avdelinga med diverse figurar , i Florø er det mange som liker å sy diverse figurar så vi syntes det måtte vere med sjølv om ein ikkje akkurat kan kalle det quilting.

Enda meir figurar....... denne utstillinga er laga av Isabella og Cathrine, kjempebra :-)

Det var ein heil vegg med små ting som vesker i alle slags fasonger , små brikker og bilder. Den yngste som hadde levert noke til utstillinga var ei jente på 9 år.
Utstillinga bestod av mykje mykje meir, mange mange store tepper, løparar, dukar + mykje meir så det kjem eg tilbake til etterkvart her på bloggen, så det er berre å følge med.
Kari Larsen med hjelpara stod for den flotte utstillinga,

Frå kurset til Anne Beier Finnestad, Der kombinerte dei bl.a applikering, maling på stoff og frihåndsapplikering. Dette skal nok sikkert bli ei pute men det var mange som lagde løparar også. Anne er ein mester i quilting og applikering ved hjelp av stoppefoten.

Bernina hadde stand på treffet og det var kjempeintresant og sjå alt man kan lage og kreere med symaskina. Her er ei pute som June hadde med som modell for å vise kor flott det kan bli. Fristelsen for å kjøpe ny maskin var nok der for mange og kanskje der var noken som lot fristelsen ta ovehånd og gjorde avtale om ny maskin.

Dette var berre litt frå treffet, det vil nok kome meir etterkvart.
Ha ein god kreativ helg!





















VESTLANDSTREFFET 10 - 12 OKTOBER 2014

Då er det klart for påmelding til Vestlandstreffet. Programmet for helga, alle kursa , butikkar, påmeldingsskjema, overnattingsmuligheter er lagt ut under dei forskjellige knappane over her. 
Håpar du finn programmet og kursa intresanne og melder deg på. Vi skal gjere alt for at du skal få ei flott helg i Norges Vestligaste by. 





Vi er alt godt i gang med førebuingar til Vestlandstreffet som skal vere i Florø 10 - 12 oktober 2014.


Vi har sydd fleire gevinstar og fått i hamn avtaler med kurshaldarar og butikkar m.m.
Det vil det komme meir opplysningar etterkvart som ting er i boks her på bloggen vår.

                                                                                    Teppet er sydd av medlemane Eli Fimland Jagedal og Solfrid Fløholm.


Vi håpar at mange tek turen til Norges vestlegaste by. Ei perle på kysten av Vestlandet. Byen sitt næringsliv er mangfaldig med fiskeindustri og servicenæring til oljeinustri som hovudnæring. Det er kort veg mellom båtlivet i skjergarden til turar i skog og fjellet. Kulturhendingar står og i kø året rundt.

Det er mange måtar å komme hit. Du kan ta fly, båt, buss eller køyre sjølv.
Det går fleire flyavgangar dagleg både nordover, sørover og til austlandet.  
Både hurtigbåt og Hurtigruta har anløp i Florø.
Vi vil legge ut meir info om korleis du kjem deg hit. Det er berre å kikke innom, for ny informasjon om treffet blir lagt til etter kvar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar