mandag 22. august 2016

Kurs 24 - 25 september - MARITIME GLEDER

Kurslærar blir Kari Nyttingnes Grødem som mange av oss kjenner.
Kari er frå Florø men bur no på Jæren. Kari er har eit smittande humør og har eit oppkomme av kreative idear og litt av desse skal vi få ta del i desse to dagane.
Kari skriv dette om kva vi skal gjere denne helga:
Hei:-)
Me skal sy og applikere fiskar, sy båtar etc i blå/turkise sjøfargar. Me kan lage pyntefiskar, bordbrikker, dukar, løparar, tepper etc. Det er opp til deg.
Eg har med ulike mønster og ideear.
Sjå meir på bloggen min: www.lillador.blogspot.com, under kurs Florø september 2016.
Kari:-)
Kurset er på 12 timar og fordeler seg slik:
Lørdag 24 sept - kl 10.00 - 18.00
Søndag 25 sept - kl 10.00 - 14.00
Pris for kurset:
Medlemmer av Florø Husflidslag kr 60.- pr time= kr 720.-
Ikkje medlemmer kr 75.- pr time= kr 900.-
Kurset vert på Soltua, Gaddevåggt 4, Florø
Då håpar eg du vil være med på kurset og melder deg på til
Studieleder, tlf 98618881.
Legg ved nokre bilder som viser litt av det vi kan boltre oss i denne helga :)
Frist for påmelding vert 6 september 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar