mandag 26. januar 2015

KURS FEBRUAR 2015

Visst du no ser litt lenger opp her og trykke på knappen KURS - Florø Husflidslag vil du finne informasjon om diverse kurs som kjem i 2015.

Håper du finn noko som kan friste deg, alltid like kjekt å gå på kurs :-)

Foreløpig er det kurset
1.Dei fire årstider v/ Kari Nyttingnes Grødem  - 14 - 15 februar som ligg under kurs men det vil kome meir om desse kursa etterkvart

2.Vi koser oss med handsaum v/ Anita Janson Henriksen - 27febr - 1 mars

3. Grunnleggende kurs i pilfletting, Korgkurs v/ Lise Dyrhovden - 13 - 14 mars

4. Julekurs / stoppefoten - Anne Beier Finnestad - september - dato ikkje fastsett.

5. Dette kurset er eit kurs med maling på stoff (ikkje paintstikk) v/ Mary Ragnarson - 23 - 25 oktober
    For å sjå litt om kva denne dama lager kan du gå inn på bloggen hennar 
http://maryquilt.blogspot.no/

6. Jobbar og med å få til eit kurs i sying av enkle klesplagg og ellers diverse anna.

Følg med følg med !!!

Har du ynskje om kurs så kom gjerne med tips og forslag om det. Skriv det i kommentarfeltet.

NÅR DET GJELD PÅMELDINGSFRIST SJÅ KVART ENKELT KURS 


lørdag 24. januar 2015

Her kem litt bilder frå Quiltemøte mandag 19 januar då med hadde besøk av Mimre frå Førde. Ein kjempekoselig kveld der vi sydde Mimre posen 
Posen er sydd av brukte stoff 

Damene frå Mimre hadde laga flotte matrialpakker så vi kunne bare velge.

Alle 16 som var tilstades sydde seg kvar sin pose og alle blei ferdige.

Takk til Mimre ved Margaret Nygård og Kjellaug Djupevik for ein flott  kveld.


fredag 16. januar 2015

QUILTEMØTE

Nytt år og nye muligheter ! 
Quiltemøte mandag 19 januar kl 19.00 på Soltua, Gaddevåggt 4 .

Denne gangen får vi besøk frå Førde, det er Mimre som kjem . Mimre består av to damer som har fått sansen for gjenbruk. Dei vasker, stryker, skjerer og bruker sin kreativitet på å bruke alt på ei gamal skjorte f.eks. Dei var med på Vestlandstreffet med butikkstand og hadde to dropin kurs på lørdagen. Etter tilbakemeldingane å døme var det to kjekke kurs, alle gikk heim med eit ferdig produkt. 

Denne mandagen kjem dei altså til oss og vi skal få sy ei lita veske, ja eg har nok vesker tenkjer du men det blir vel aldri formykje av det, det er mange duppedingser som kan oppbevarast der. 
Dei har med matrialpakke som er halveis sydd, det som gjenstår er handsaumen og den skal vi då sy, så dette blir ikkje ein ufo etter møte men du går heim med eit ferdig produkt. 
For denne pakken betaler du kr 100.- og så betaler laget resten. 
Det du må ta med deg er synål, saks osv. slik at du kan utføre litt handsaum. 

Ellers vert det kaffi og noko å bite i, det er styret som denne gangen er vertinner. Solfrid har klar gevinstane så det vert loddsalg med fine gevinstar. 
Då håper vi at vi  ser deg på mandag til ei triveleg stund ilag med trivelege folk. 
Velkommen!

Styret