fredag 16. januar 2015

QUILTEMØTE

Nytt år og nye muligheter ! 
Quiltemøte mandag 19 januar kl 19.00 på Soltua, Gaddevåggt 4 .

Denne gangen får vi besøk frå Førde, det er Mimre som kjem . Mimre består av to damer som har fått sansen for gjenbruk. Dei vasker, stryker, skjerer og bruker sin kreativitet på å bruke alt på ei gamal skjorte f.eks. Dei var med på Vestlandstreffet med butikkstand og hadde to dropin kurs på lørdagen. Etter tilbakemeldingane å døme var det to kjekke kurs, alle gikk heim med eit ferdig produkt. 

Denne mandagen kjem dei altså til oss og vi skal få sy ei lita veske, ja eg har nok vesker tenkjer du men det blir vel aldri formykje av det, det er mange duppedingser som kan oppbevarast der. 
Dei har med matrialpakke som er halveis sydd, det som gjenstår er handsaumen og den skal vi då sy, så dette blir ikkje ein ufo etter møte men du går heim med eit ferdig produkt. 
For denne pakken betaler du kr 100.- og så betaler laget resten. 
Det du må ta med deg er synål, saks osv. slik at du kan utføre litt handsaum. 

Ellers vert det kaffi og noko å bite i, det er styret som denne gangen er vertinner. Solfrid har klar gevinstane så det vert loddsalg med fine gevinstar. 
Då håper vi at vi  ser deg på mandag til ei triveleg stund ilag med trivelege folk. 
Velkommen!

Styret

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar