fredag 25. oktober 2013

RESTEKASSA



På sist quiltemøte som var på mandag 21 oktober var tema dypdykk i restekassa.
Alle hadde med seg ein pose full av restar i alle slags farger og fasonger.
Trur nok det var ein del lapper som skifta eigar i løpet av kvelden og at eigaren plutselig etter andre sine kommentarar såg på restelappane sine med nye auge
Det var iallefall ein trivelig kveld i lag med mange trivelige lappedamer.
                                                                                                                                 



Her bruker vi lappane  som de er stort sett og frihåndsquilter over og deretter pynter vi litt med forskjellige sømmer, bånd og det vi måtte ha lyst til.
Absolutt ein kjekk aktivitetet.

 Her er det nokon som allereie er begynt med quiltinga :-)

På torsdagen fikk eg sjå og teke bilde av ei flott lita veske som var blitt ferdig.

Som de ser så er den blitt pynta med hjerter og blitt
riktig så flott. 

Ta deg ein titt i restekassa di , du kan lage mykje fint av det som du har der. 



Kveldens vertinner hadde laga eit fantastisk flott bord med 
masse gode oster, kjeks og frukt på. 
Eit nydelig måltid var det der vi fikk litt referat frå dei som hadde vore på Vestlandstreff i Molde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar